Hovedsiden til BARNEIDRETT / IDRETTSSKOLE i idrettslaget. Barneidretten / Idretts skulen er eit tilbod for born i aldersgruppa 4-7 år
Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp
Da går vi inn i badeperioden til barneidretten. Aller partiene har bading i uke 6,7,9 og 10. I uke 8 er det vinterferie.
Husk at 2006 og 2004 har badedag på tirsdag, mens 2007 og 2005 har vanlig treningsdag, onsdag.
Se vårplan til hver gruppe.
Badingen er på Bore U.

Barneidretten/Idretts skulen er eit tilbod for born i aldersgruppa 4-7 år. Born i rett
alder i skulekrinsane Bore og Vasshus er velkomne til å delta i vår aktivitet.
Me aktiviserer for tida ca.130 born, men har framleis plass til fleire! Det er 4 instruktørar
på kvart av dei fire årstrinna, og aktiviteten foregår frå September til Mai.
Det eit mål at samtlege skal få eit positivt fyrste inntrykk av kva idrett er, og me søkjer
å motivera til idrettsleg aktivitet når borna vert eldre. Aktiviteten vert driven i samsvar
med Noregs Idrettsforbunds retningslinjer når det gjeld barneidrett.
BARNEIDRETTEN :
Barneidretten har to parti, eit for dei som er 4 år, og eit for dei som er 5 år. Barneidretten tek sikte på å leggja tilrette for allsidig idretts-opplæring.
Det vert lagt vekt på å stimulera bornas fysiske, psykiske og sosiale utviking innan idrettens normer.
Ein vil søkja å gje borna ei allsidig og variert opplæring innan forskjellige idrettar.
Det er stor fokus på å utvikle basisferdighetane balanse, koordinasjon, bevegelse, meistring
og samspel. Idrettens grunnstige er eit av hjelpemidla som vert brukt..
IDRETTS-SKULEN :
Idretts-skulen har to parti, eit for born som er 6 år, og eit for dei som er 7 år. Altså dei borna som går i første og andre klasse. Idretts-skulen tek sikte på å gje ei meir inngåande innføring i mange forskjellige idrettar.
Nokre får høgare prioritet enn andre, slik som fotball, handball og turn, då dette er dei særidrettane Voll IL har mest aktivitet innan. Her vert ein med på forskjellige turneringar, og
oppvisningar. Andre idrettar som skøyter, sykkel, orientering mm. vil og få fokus. Gjennom
idrettens grunnstige vert det ei god innføring i balanse og kroppsbeherskelse, koordinasjon,
bevegelse, ball trening mm. Eit av måla for idretts skulen er å gje borna innblikk i kva idrettar
som finnes, slik at dei vert meir bevisste på kva dei har lyst til å driva med når dei vert større.
BARNEIDRETT SKAL VERA KJEKT FOR BORNA !!!!!