Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp

Til toppen av siden

IDRETTS SKULEN FOR 2003 MODELLAR

Barneidretten i Voll IL er ei allsidig idretts tilvenning over 4 årstrinn, frå 4-8 år. Dei andre hovudgruppene slik som fotball, håndball & turn startar opp med aktivitetar frå det året borna sluttar i Barneidretten/Idretts skulen. Dei 2 siste åra borna går i barneidretten kallar med dette for Idretts skulen.
Opplegget er meint å gje borna eit innblikk i kva mange forskjellige idrettar har å by på. Me legg mest vekt på håndball, fotball & turn som er dei aktivitetane Voll IL tilbyr aktivitet innan når borna vert eldre.
Det vil og bli introduksjon av mange nye idrettsgreiner slik som skøyter, sykkel, orientering, friidrett m.m.

Frå hausten startar 7 åringane på siste året av idretts skulen, og me håpar å få med oss dei som har vore med tidlegare, og eventuelle nye born.

Treningstid:
Treningane vert på onsdagar frå kl.18.00-19.00 frå veke 36.
 

 

Me håpar at du som er 7 år i 2010 vil vera med på ”Idretts skulen” i Voll IL.


Aktivitetar på Idrettsskulen:
1-2 Håndball turneringar
2-3 Fotball turneringar & serie
Turn arrangement
Fotball skule
Idrettens grunnstige er eit opplegg for å læra forskjellige øvelsar som går på balanse, koordinasjon, bevegelse og utførelse. Mange nye idrettar vert introdusert for borna.

SØK

Topp

Voll Idrettslag © 2006-10 - Innholdsoversikt | Siteman CMS - KP